
Photo: Vibecke Markhus

Photo: Vibecke Markhus

Huldefossen ligg ved Mo og Jølster vidaregåande skule, like ved E39, ca 10 km frå Førde. Det er skilta inn til parkeringsplass på skulen. Derifra er det ca 500 meter å gå over ei trebru, og opp langs elva. Huldefossen har ca 90 meter høgt fall, og er ein av dei mest fotograferte fossane i Fjord Norge.


























Vandringa opp eller ned 327 trappetrinn, platå og høge, luftige utsiktspunkt, skjer tett på den buldrande Storfossen. Fossevandringa går fra Geiranger sentrum og opp til Norsk Fjordsenter og Hotel Union eller omvendt. Kombinasjonen med vill natur og spennande arkitektur, vekkjer oppsikt. Prislappen på Fossevandringsprosjektet kom på 12 millionar norske kroner og har vore eit spleiselag mellom privatet og offentlege aktørar. Prosessen med prosjektet tok meir enn 20 år.





Ørnevegen er namnet på den brattaste vegstrekninga oppgjennom lia frå Geiranger mot Eidsdal på riksveg 63. Her slyngjer vegen seg i 11 hårnålsvingar frå Geirangerfjorden og opptil det høgste punktet på strekninga 620 m.o.h ved Korsmyra.
Vegen vart offisielt opna 15.september 1955 og gav bygda Geiranger heilårs vegsamband. Vegen vart ein attraksjon frå første dag, og fekk namnet Ørnevegen på grunn av at den øvst opp gjekk gjennom eit område som det tradisjonelt hadde vore mykje ørn.
Namnet illustrerer også noko vilt og spektakulært som trafikkantane vil oppleve, særleg om dei stansar i Ørnesvingen som er den øvste hårnålsvingen. Her er det tilrettelagt særskilt slik at ein verkeleg kan få nyte den storslåtte utsikta mot Geiranger, Geirangerfjorden, fossane Dei sju systrer og fjellgarden Knivsflå eller nyte synet av dei mange cruiseskipa på fjorden under.
Dette utsiktpunktet har blir oppgradert dei siste åra, og vart offisielt opna 21.juni 2006 med ei enkel markering som ein del av prosjektet “Nasjonal Turistveg” i regi av Statens Vegvesen.
Ørnevegen har på det brattaste ei stigning på 10 %, og kan vere ei prøve for bilistar som ferdast her vinterstid. Men bilbransjen har m.a. brukt denne vegen som testveg for å betre bilane sin framkomelegheit på vinterføre. Lengste tillatne køyretøylengde / vogntog er 15 meter.

Photo: Vibecke Markhus


Photo: Vibecke Markhus
Photo: Vibecke Markhus


Photo: Vibecke Markhus